For lærare

Kva er Banorama?

På Banorama scrollar du deg gjennom den viktigaste kunnskapen du treng for å ferdast i nærleiken av jarnbanen. Tog er eit trygt transportmiddel, men jarnbanen er også ein barriere mange må krysse i kvardagen. Viss du bur i ein by eller ei bygd som er delt av ein jarnbane, lever du livet på begge sider av skinnene. Difor har vi laga eit digitalt læringsverktøy som gir deg ei enkel innføring i kryssing av jarnbanen, straum i nærleiken av skinnene og andre smarte tips til korleis du kan vere på den sikre sida!

Kven er Banorama for?

Banorama er for alle – uansett alder – som ferdast nær jarnbanen. Vi håper denne sida kan gi nyttig kunnskap til elevar i grunnskule og vidaregåande skule, og samstundes vere nyttig, fin og morosam nok til at både folkehøgskuleelevar og rakettforskarar har lyst til å scrolle seg gjennom dei interaktive plansjane.

Nedst på sida finn du ein quiz. Forhåpentlegvis kan han gjere det endå enklare for deg å lagre informasjonen på «harddisken». Dersom du klarer alle spørsmåla, blir du heidra med ein digital gullmedalje.

No er det mogleg å innvende, og det med rette, at Banorama kanskje ikkje treff dei yngste så godt. For å få fullt utbyte av det interaktive jarnbaneuniverset vårt, er det heilt klart ein fordel at ein kan å lese og har opparbeidd seg leseforståing på eit visst nivå. Filmen vi har laga, er derimot eigna for alle – uansett leseferdigheiter. Han handlar om dei same temaa og du finn han på framsida. Berre sjå etter den store video-knappen!

Banorama fungerer også ypparleg på smarttavle. Har du elevar i småskolen, kan de bruke plansjane i plenum, gå gjennom punkt etter punkt og bruke dei for å dra i gang ein samtale om jarnbanen.

Banorama kan også vere for føresette, lærarar og skuleleiing. Det skjer rett som det er at både barn og vaksne kryssar planovergangar på ein uheldig måte. Også sjølv om du ikkje har jarnbanen som nærmaste nabo, vil du høgst sannsynlegvis møte han før eller sidan.

Ta kontakt!

Er det noko du saknar? Ønskjer du meir informasjon om jarnbanen eller jarnbanesikkerheit? Har du forslag til forbetringar eller treng du kanskje ei trykksak eller ei PDF-fil du kan sende med elevane heim eller bruke i undervisninga? Ikkje nøl med å ta kontakt – vi hjelper deg etter beste evne!