Banorama

Det er trygt å reise med jarnbanen, men det gjeld å vere på den sikre sida. Lær kva du bør passe deg for og test kunnskapane dine i quizen. God tur!

Veit du kor det er lov å krysse sporet?

Av og til treng du å kome deg til den andre sida av jarnbanesporet, men du kan ikkje krysse det kor som helst. Sjå etter ein overgang, ein undergang eller ein planovergang – det er berre der det er trygt og lovleg å krysse.

STOPP. SE. LYTT.

Følgjer du med?

For å vere trygg i nærleiken av jernbanen, må du følgje med! Viss du bruker hovudtelefonar eller kikar ned i mobilen, kan det vere vanskeleg å få med seg at toget kjem. Det gjeld særleg når du skal gå over sporet på ein planovergang, men også når du ventar på toget på ein stasjon, eller skal krysse ein personovergang frå éi plattform til ei anna.

Høgspenning livsfare

15 000 volt

Straumleidninga over toget er livsfarleg. Elektriske tog treng denne for å få straum, men menneske må halde seg langt unna!

Parkerte tog er også farlege

Nokre trur at parkerte tog ikkje er farlege, men det er heilt feil! Sjølv om det ser ut som alt er skrudd av, går det framleis kraftig straum gjennom leidningane over toget.

På den sikre sida

Tog er ein av dei tryggaste måtane å reise på. Like fullt er det ting du bør ha i bakhovudet når du står og ventar på plattforma. Ver mellom anna klar over at det kan passere tog som ikkje står i tabellen. Eit slikt kryssande tog kan til dømes være farleg om du skal gå frå ei plattform til ei anna på ein personovergang.

Quiz