Banorama
Lastar inn...
Det er trygt å reise med jarnbanen, men det gjeld å vere på den sikre sida. Lær kva du bør passe deg for og test kunnskapane dine i quizen. God tur!
Veit du kor det er lov å krysse sporet?
Av og til treng du å kome deg til den andre sida av jarnbanesporet, men du kan ikkje krysse det kor som helst. Sjå etter ein overgang, ein undergang eller ein planovergang – det er berre der det er trygt og lovleg å krysse.
STOPP. SE. LYTT.
Følgjer du med?
For å vere trygg i nærleiken av jernbanen, må du følgje med! Viss du bruker hovudtelefonar eller kikar ned i mobilen, kan det vere vanskeleg å få med seg at toget kjem. Det gjeld særleg når du skal gå over sporet på ein planovergang, men også når du ventar på toget på ein stasjon, eller skal krysse ein personovergang frå éi plattform til ei anna.
Høgspenning livsfare
15 000 volt
Straumleidninga over toget er livsfarleg. Elektriske tog treng denne for å få straum, men menneske må halde seg langt unna!
Parkerte tog er også farlege
Nokre trur at parkerte tog ikkje er farlege, men det er heilt feil! Sjølv om det ser ut som alt er skrudd av, går det framleis kraftig straum gjennom leidningane over toget.
På den sikre sida
Tog er ein av dei tryggaste måtane å reise på. Like fullt er det ting du bør ha i bakhovudet når du står og ventar på plattforma. Ver mellom anna klar over at det kan passere tog som ikkje står i tabellen. Eit slikt kryssande tog kan til dømes være farleg om du skal gå frå ei plattform til ei anna på ein personovergang.
Quiz
Usikra planovergang
Nokre stader finst det planovergangar utan bom, lyd eller lys. På slike planovergangar kan du ikkje vite sikkert om det kjem eit tog. Her er det lov å gå eller køyre over sporet, men det er ekstra viktig at du er oppmerksam. Toget kan kome veldig fort og det bruker lang tid på å stoppe – faktisk så mykje som ein kilometer! Du må difor stoppe, sjå deg til høgre og venstre og lytte etter toget før du går over skinnegangen. Ver på vakt sjølv om du kjenner togtidene – toget kan vere forseinka og det går også tog som ikkje står i rutetabellen.
Sikra planovergang
Dei fleste planovergangar på stader der det bur mange folk, er sikra med bom, lyd og lys. Dersom bommane står oppe og lyset blinkar kvitt, er det trygt å gå over.
Viss du kryssar sporet med bil og blir fanga mellom bommane, så hugs at bommane kan køyrast ned slik at dei knekk. Viss det er kø, eller du av ein eller annan grunn ikkje kan køyre ned bommen, er det berre éin ting å gjere: Gå ut av bilen og spring vekk!
Overgang
Overgangar er ein fin måte å kome seg frå den eine til den andre sida av jarnbanen på. Nokre bruer er for menneske, andre er for bilar og enkelte passar godt til begge delar. Bruene er høgare opp enn straumleidninga som går over toget, så du må aldri prøve å klatre over kanten eller kaste ned noko frå brua.
Undergang
Undergangar går under jarnbanen. Nokre er lange og nokre er korte, men alle er heilt trygge.
Ulovleg kryssing
Det er aldri greitt å gå over jarnbanesporet der det ikkje er planovergang, overgang eller undergang. Det er livsfarleg og heilt ulovleg. På vinteren hender det at enkelte trur det er lov å gå på ski over spora, men det er like livsfarleg og like ulovleg. Når det er snø, blir lydane dessutan dempa og det blir endå vanskelegare å høyre at toget kjem.
Ikkje la deg spore av
Det er gøy å fikle med mobilen eller høyre på musikk, men det er ikkje så lurt i nærleiken av jarnbanen. Det er heller ikkje så smart å filme eller ta bilete når du er på stasjonen eller ved sporet. Å ta bilete i sjølve jarnbanesporet er både livsfarleg og ulovleg! Faktisk blir du meld til politiet viss du gjer dette.
Åtvaring!
Viss du ser eit slikt skilt, er du i nærleiken av livsfarlege mengder straum! Har du tenkt å ta quizen nedst på sida, bør du prøve å hugse symbolet på dette skiltet.
Hald deg unna kontaktleidninga
Heldigvis er det langt opp til straumleidninga over toget, men det er livsfarleg å vere i nærleiken av henne. I veggen heime har vi stikkontaktar med ei spenning på 230 volt. Viss du er så uheldig å få støyt frå ein slik stikkontakt, får du ein skikkeleg smell, og også det kan vere livsfarleg. I høgspenningsanlegget over toget er det derimot heile 15 000 volt – det er det ikkje mange som overlever!
Parkerte tog
Toget ser kanskje ufarleg ut når det står stille med lysa skrudde av, men det stemmer ikkje. Det går framleis straum gjennom leidninga over toget. Parkerte tog er difor noko ein bør halde seg langt unna. Å klatre på eit parkert tog kan koste deg livet! Hugs også at det uansett er ulovleg å gå inn på jarnbanen.
Pass deg for straumleidninga
Det er veldig dumt å ha med seg ting på stasjonen som kan kome borti straumleidninga. La difor ballongen din liggje att heime når du skal ut og reise.
Når det snør
På vinteren kan snøen dempe lyden av toget som kjem. Du kan stå heilt stille i eigne tankar, men plutseleg – svosj! – er toget der. Pass difor ekstra godt på når det ligg snø på bakken.
Den gule linja
Tog køyrer skikkeleg fort, og nokre tog stoppar ikkje eingong på stasjonen – dei berre suser forbi! Det går også godstog og arbeidstog som ikkje står i rutetabellen. Hald difor god avstand til sporet og stå heile tida bak den gule linja som er måla på plattforma.